Leksikonlesing i koronatider

To veker med koronatiltak – korleis har det påverka Store norske leksikon? Kort oppsummert: 16 prosent fleire brukarar, 20 prosent auke i artikkellesing og 47 prosent auke i artikkeloppdatering.

I denne posten samanliknar eg statistikken for Store norske leksikon for perioden torsdag 12. til torsdag 26. mars 2020 med torsdag 14. til torsdag 28. mars 2019.

16 prosent fleire unike brukarar

I løpet av dei to siste vekene har 1,8 millionar unike brukarar vore innom SNL.no, mot 1,5 mill. i den same perioden i fjor.

Unike brukarar per dag, 2020 (blå) samanlikna med 2019 (oransje)

På det meste har vi hatt 5500 brukarar per sekund innom SNL.no, mest på dagtid mellom 10 og 13.

Andelen brukarar frå desktop (datamaskin) har faktisk auka, i 2020 er halvparten av brukarane på desktop. Mobilbruken har òg auka litt, (frå 40 til 44 prosent), medan bruken frå nettbrett er meir enn halvert (frå 11 til 5 prosent). Eg vil gjette på at dette er fordi mange skulelevar aldri rakk å ta med seg nettbretta sine heim før skulane stengde, og at mange elevar kanskje heller brukar PC når dei fyrst er heime.

Kor lang tid folk er innom har også auka kraftig: Dei to siste vekene har gjennomsnittslesaren vore innom i fire og eit halvt minutt, eitt minutt meir enn same periode i 2019. Fire minutt høyrast ikkje så mykje ut, men det er eit svært høgt tal om ein tek høgde for at mange av lesarane våre berre er innom nokre få sekund for å sjekke ein liten faktaopplysning.

20 prosent auke i artikkellesing

I løpet av dei to siste vekene er artiklane på SNL.no lese 6,1 millionar gongar, mot 5,0 mill. i den same perioden i fjor.

Lesne artiklar per dag, 2020 (blå) samanlikna med 2019 (oransje)

Om vi ser på lesing per time, ser vi at ein større andel av lesinga har flytta seg til dagtid. Bruken av leksikonet har auka kraftig mellom kl 9 og 14, og gått tilsvarande ned på kveldstid. Tidlegare har vi sett at spesielt medisinstoffet er mest lese på ettermiddagar og kveld, no er lesinga av alle kategoriane større på dagtid.

Andel av lesinga per klokketime siste to veker (blå) samanlikna med same periode i fjor (oransje).

Vi ser den same tendensen om vi ser på unike brukarar per time dei siste to vekene samanlikna med vekene i 2019. Toppane no i 2020 er mykje høgare enn i 2019, både fordi fleire er innom leksikonet, men også fordi meir av bruken har flytt seg til dagtid.

Unike brukarar per time i 2020 (blå) samanlikna med 2019 (oransje).

Kva les folk i leksikonet?

Topplistene over dei mest lesne artiklane i SNL er til vanleg veldig dominert av skuleelevar. Slik er det også i koronatidene – alle skuleelevar i landet har heimeundervisning, og mange av dei brukar tydeleg SNL i denne tida.

Topplistene våre i 2020 er altså dominert av pandemi og skulefag, medan 2019-topplista er dominert av berre skulefag.

Om vi ser på kategori-nivå er derimot biletet eit heilt anna. Som vanleg er medisinstoffet det aller mest leste på kategorinivå, men medisin-stoffet har faktisk lågare del av lesinga i 2020 samanlikna med 2019 (!). I 2019 stod medisinstoffet for 23 prosent av alle sidevisningane i SNL, mens det i 2020 var eitt prosengpoeng lågare.

Andel av artikkellesinga i 2020 (blå) samanlikna med 2019 (oransje). Medisinstoffet stod for 23 prosent av lesinga i 2020, og 22 prosent i 2019.

I absolutte tal er det auka lesing av alle kategoriar, men det er interessant å sjå at lesinga faktisk er jamnare spreidd ut over kategoriane i 2020 enn i 2019.

Dette kjem av at det blir lese mange fleire artiklar i løpet av desse to vekene i 2020 enn i 2019.

47 prosent fleire oppdaterte artiklar

I løpet av dei to vekene «alle» har hatt heimekontor har det blitt oppdatert 4008 artiklar i leksikonet, 47 prosent fleire enn i den same perioden som i fjor.

Innhaldet i SNL blir i hovudsak oppdatert av fagansvarlege. Ein fagansvarleg er ein tilknytt fagekspert som har ansvar for ein eller fleire kategoriar i leksikonet. Fleirtalet av dei fagansvarlege er forskarar ved eitt av universiteta.

Mange av dei fagansvarlege har heimekontor, undervisning er avlyst, konferansar og seminar er utsett. Så kva gjer ein då? Jo: Ein oppdaterer leksikon! :-)

Mange av oppdateringane er naturleg nok knytt til medisin og den pågåande pandemien, men det er oppdateringar i alle kategoriane.