Ny logo for Store norske leksikon

Våren 2019 fekk Store norske leksikon ny logo: Ein nyfiken fugl med forstørringsglas som hovud.

Vi har ikkje skrive noko om den nye logoen her i bloggen vår før, og eg tenkte det var på tide å seie litt om både den nye logoen og logohistoria vår.

Det starta med «Stjernetittaren»

Fram til 2010 vart Store norske leksikon gjeve ut av Kunnskapsforlaget. Då brukte leksikonet «Stjernetittaren» som logo.

Stjernetittaren vart laga til Illustreret Norsk Konversationsleksikon, som kom ut 1907-1913. Logoen hadde tung symbolikk: Ein mann som ser ut over ukjend farvatn, ein stjernehimmel med jordkloten og omkransa av Herkulessøylene. Herkulessøylene er dei to fjella på kvar side av Gibraltarstredet, brukt som symbol for grensa mellom det kjende og ukjende.

Logoen vart etter kvart gradvis modernisert. Kunnskapsforlaget hadde opprinneleg ein eigen logo (ei stilisert ugle), men gjekk etter kvart over til å bruke Stjernetittaren som logo for både forlaget og leksikonet.

I 2010 gav Kunnskapsforlaget opp å drive Store norske leksikon. Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DNB tok over innhaldet og tilsette ein ny redaksjon. Frå 2014 er vi eigd av alle dei norske universiteta og fleire andre ideelle organisasjonar.

… og fortsette med ein Munch-adapsjon

I 2011 fekk organisasjonen som då hadde namnet Norsk nettleksikon ny logo. Logoen var kunstverket «Infosign (Munch)» av Terje Nicolaisen.

Dette skriv kunstnaren om verket: «Utklippet er en tegning som ofte dukker opp i Munchs arbeider, i form av en fullmåne og en speiling av månen på et vann eller en sjø i bakgrunnen av bildet. Jeg har kommet i skade for å asossiere denne månespeilingven som en tykk “i” og kan ikke fri meg fra tanken om at det ville vært godt å se denne ikonografiske Munchgjengivelsen på trafikkskilt, istedet for den “i” som er der i dag.»

Logoen vart berre halvvegs innført i leksikonet, og lite brukt på sidene.

… før ein nyfiken fugl kom på banen

Våren 2019 lanserte vi nytt design på nettsidene våre, og då var tida inne for å sjå på logoen på nytt.

Vi hadde lyst på noko litt enklare enn skiltet, og designar Thord Veseth Foss kom opp med idéen om å bruke forstørringsglaset frå søkjefeltet vårt som hovudet til ein nyfiken leksikonfugl. Fuglar flyr høgt, har overblikk, men er samtidig opptekne av detaljar.

Designar og typograf Ellmer Stefan har laga logoen.

2 svar til “Ny logo for Store norske leksikon”

Stengt for kommentarar.