Funkar kvalitetsvurderingssystemet?

Denne posten er retta mot fagansvarlege og fagmedarbeidarar i leksikonet.

Redaksjonen skal evaluere kvalitetsvurderingssystemet i løpet av dei neste vekene, og vi vil gjerne ha innspel frå dykk!

Rett før sumaren 2017 innførte vi eit nytt kvalitetsvurderingssystem i leksikonet. Redaktørar, fagansvarlege og fagmedarbeidarar kan leggje inn vurderingar av artiklar. Artiklar med kvalitetsvurdering 4 Trenger gjennomgang og 5 Kritiske problemer hamnar i arbeidslistene til dei fagansvarlege. Artiklar med kvalitetsvurdering 1 og 2 vil bli vist fram under andre artiklar i det nye designet som er på veg.

På eitt år er det er lagt inn 17 872 kvalitetsvurderingar i 15 492 artiklar.

Vi har lært ein del det siste året. Eg har lyst til å peike på seks viktige ting:

  1. Kvifor kvalitetsvurderingar? Vi har nesten 200 000 artiklar i leksikonet. Vi må flytte kunnskapen om kva som er gode artiklar og kva som er mindre gode artiklar ut frå hovudene til redaktørane og dei fagansvarlege inn i produksjonssystemet. Dette er den einaste måten vi kan få systematisk oversikt og kontroll over artikkelbasen. Vi har mange eksempel på at dårlege artiklar ikkje blir fiksa fordi dei går i gløymeboka. No finst ikkje gløymeboka meir, og det blir lettare å få kontroll. På sikt bør alle artiklar få ei kvalitetsvurdering.
  2. Vurdering av artiklar – ikkje av forfattaren: Det er viktig å hugse på at kvalitetsvurderingane er ei vurdering av sjølve artikkelen – ikkje av forfattaren. Kvalitetsvurderinga er heller ikkje ein «karakter» frå redaksjonen.
  3. Vurder dine eigne artiklar! Alle fagansvarlege kan vurdere alle artiklane i leksikonet, og det vil vi gjerne at du gjer. Legg inn vurderingar kvar gong du er innom!
  4. Har du fiksa ein artikkel? Legg inn ny kvalitetsvurdering! Dersom ein artikkel har fått 4 eller 5 og du har fiksa problemet – legg inn ei ny kvalitetsvurdering sjølv.
  5. Er du stolt av ein artikkel – legg inn vurdering 2. Er du usikker? Snakk med redaktøren din.
  6. Har du spørsmål om ei kvalitetsvurdering – snakk med redaktøren din, ikkje den som har lagt inn vurderinga. Redaksjonen har vaktturnus der vi går gjennom alle endringar i leksikonet kvar dag. D.v.s. at du vil få tilbakemeldingar frå alle redaktørane. Dersom du har spørsmål eller noko du vil diskutere med oss er det viktig at du snakkar med den faste redaktøren din, ikkje den som «tilfeldigvis» har lagt inn ei vurdering.

Les hjelpeteksten om Kvalitetsvurderingar og arbeidlister i fagansvarleginstruksen.

Har du innspel til korleis kvalitetsvurderingssystemet kan bli betre? Send ein e-post til redaksjonen eller (best) diskuter i bidragsytargruppa på Facebook.