‘Indianarane’ kom

I førre veke fekk eg ein overraskande e-post: Ei gruppe amerikanske urfolk ville møte oss for å takke for at ordet ‘indianar’ blir fjerna frå mange av artiklane i Store norske leksikon. 

Dei siste vekene har vore uvanlege for oss i snl.no. Det er sjelden oppdateringane våre skapar så mykje debatt som endringane av indianarar og jomfruhinne. Les om kva som er endra i leksikonet, kvifor vi har gjort endringane og kva vi har lært av debatten.

I dag møtte vi delegasjonen frå USA, som er invitert til Noreg av Nobelkomitéen for å vere med på Nobel Peace Prize Forum. Dei fleste høyrer til lakota/dakota-folket. Vi hadde ei mottaking for dei på Litteraturhuset, der vi hilste på kvarandre og fekk prata. Ordføraren i Oslo, Marianne Borgen, var også til stades.

Etterpå var det ein open panelsamtale på Litteraturhuset: «Spelar det noko rolle kva vi kallar kvarandre?», der Angela Bibens (USA, dakota og avokat), Grand Chief Edward John (Canada, Tl’azt’en og representant i eit FN-forum for urfolksaker), Mikkel Berg-Nordlie (Noreg, same og forskar på HiOA), Bjørn Ramberg (Noreg, professor i filosofi på UiO) og Erik Bolstad (Noreg, sjefredaktør i Store norske leksikon) prata om ord, namn, identitet og forenkling. Samtalen kan sjåast på Facebook-sida vår.