Vil du bli ein del av verdas beste leksikonredaksjon?

Dette er redaksjonen i Store norske leksikon. Kanskje du vil bli med på neste gruppebilete?

Store norske leksikon har plass til tre nye folk i redaksjonen. Vi ser etter kunnskapsrike og ambisiøse folk, som brenn for kunnskapsformidling, diggar leksikon (og som er hyggelege å spise lunsj med  🙂

Vi har lagt ut tre stillingsannonsar no:

Dersom du ikkje passar 100% inn i stillingsannonsane over, men likevel har lyst på ein jobb i leksikonet, kan du søkje likevel. Fortel oss kva akkurat du kan bidra med for å ta leksikonet til nye høgder!

Store norske er eit unikt kunnskapsprosjekt. Vi er eitt av få nasjonalleksikon som har klart overgangen til ein digital tidsalder med ein open publiseringsmodell og høge lesartal. Vi ynskjer å bidra til å gjere det norske internettet betre, ved å gjere kvalitetssikra kunnskap lett tilgjengeleg for folk. Vi har i underkant av to millionar unike brukarar i månaden, og det blir lese 250 000 artiklar kvar dag.

Det er ingen i den faste redaksjonen som skriv artiklane i leksikonet. Vi er arbeidsleiarar, redigerarar og inspiratørar for 600 fagansvarlege og forfattarar.

Vi vil gjerne at du set deg inn i jobben før du søkjer. Opprett gjerne ein brukarkonto i leksikonet og bli kjent med publiseringssystemet vårt. Les Om Store norske leksikon, den siste årsmeldinga vår, kven som står bak leksikonet og korleis ein skriv leksikonartiklar. Sjå oppdateringsaktiviteten og blir kjent med oss på Lille norske, på Facebook og på Twitter.

Søknadsfrist: 17. januar 2017

Bak: Guro, Kjell Olav, Gunn Hild, Marte og Georg. Framme: Andreas, Mari, Erik, Thale, Marianne og Erik.

Eitt innspel til «Vil du bli ein del av verdas beste leksikonredaksjon?»

Stengt for kommentarar.