Politisk dagbok: Ja til digitalisering av litteraturpolitikken

Det er litt kjedeleg å lese framlegget til ny boklov. Det blir som no, berre i form av lov framfor førtiårig «unnatak». Meir spennande er pressemeldinga. Ho handlar nemleg om «digitalisering» og «innovasjon». Når ein vanlegvis snakkar om «digitalisering» av bøker er det e-boka ein siktar til. Ein klagar over Bokskya – eller ser at straumetenester vil kome som i musikkbransjen. Så også med Hadia Tajik:

«Vi vil legge til rette for innovasjon og nye teknologiske løsninger for e-bøker. Loven sikrer derfor mulighet for å utvikle nye prismodeller som kan tilpasses framtidige distribusjonsformer for e-bøker.»

TVANGSDIGITALISERING
Leksikon er den første boksjangeren som blei tvangsdigitalisert. I Store norske erfarer vi kva det faktisk kan bety at papir blir erstatta av #noe_digitalt: Som når ein forfattar skriv papirbok – det tar sin tid. Så bestemmer han seg for å skrive i SNL; dele det han har på hjartet opp i mindre bitar. Til ingens overrasking: Etter eit døgn kjem første lenka på twitter. Forfattaren har nådd fram til lesaran.
Innovasjon
Så er det dei litt flauare møta, når vi sitt ved rundebordet der bokbransje drøftar Boklova. Medan andre forleggjarar melder om lite tilgang på manus eller om eit par hundre versus eit par tusen selde eksemplar. Så blir det blir vår tur til å melde om:

  • Vi publiserer tilsvarande ca 60 bøker i året. 300 aktive forfattarar er i stallen. Dei skriv, blir redigert av flink redaktør, vi publiserer. Akkurat som i eit forlag. Berre med mindre bitar publisert tekst av gangen.
  • Vi har 7000 lesarar i timen. 105 000 per dag. 2 millionar i månaden.

Ja, så klart det er litt urettferdig å samanlikne … SNL er gratis og er den store boka om «alt». Likevel… likevel er det eit anna element, ein kime til innovasjon, og i første omgang er det teknisk: e-pub/app versus html. Kunne det vere at også andre sjangre ville utvikle seg og få fleire lesarar med den reelle sjansen til innovasjon som internett byr på?

Eg trur det digitale endringspotensialet for publisering av tekst (altså det bokbransjen er til for) er større enn for musikk. I motsetning til ei låt er ikkje ein tekst eit like finitt kapittel, ikke eit like avslutta stykke av nokre minutts oppleving. Tekst kan endre seg langt meir som følgje av at formatet kan bli eit anna.

Internett har allereie skapt nye sjangrar. For kva slags boksjanger er ein blogg? Og det skjer litterært artige ting – som når twitter møter haikupoesi. I denne tekstinnovasjonen på nett tar forlaga inga hovudrolle. Dei gjer tafatte forsøk på å endre distribusjonsmetodane for dei eigentleg same produkta. Men ingen forsøk på å endre produksjonsform – og såleis også produkt. I staden arbeider dei for å sikre dei produksjonsformene dei meistrar frå før.

EIN TEKNOLOGINØYTRAL LITTERATURPOLITIKK?
Den nye Boklova er først og fremst fin fordi kulturministeren ser ut til å:

1. Vere opptatt av å binde tiltak fast i måla for kulturpolitikken: Eit mål er «å legge til rette for et mangfold av aktører. Loven skal bidra til å fremme kultur- og kunnskapsformidling, og styrke skriftkultur og norsk språk i begge målformer.»

2. Ville lage litteraturpolitikk uavhengig av format: «Det er departementets vurdering at de litteraturpolitiske målsettingene gjelder litteratur uavhengig av format».

2. Ville oppmuntre til innovasjon i publiseringa av litteratur i det norske digitale samfunnet.

Så langt er departementet mest opptatt av innovativ distribusjon. Men dei glimtar til med denne:
«En teknologinøytral lov reiser en avgrensningsproblematikk for e-bøker. Spørsmålet er om berikede bøker skal omfattes eller eventuelt hvor grensen skal gå. Det er sannsynlig at det også vil skje en utvikling av boken. Å avgrense lovens virkeområde mot berikede bøker kan synes lite fremtidsrettet. Det er imidlertid mulig å legge til grunn en fleksibel bruksdefinisjon. En digital bok vil med en slik avgrensning være en publikasjon som er formatert slik at den kan gjøres tilgjengelig i elektronisk format, der den dominerende delen består av tekst, illustrasjoner og annet grafisk materiale. En digital bok kan inneholde tekst med audiovisuelle elementer, være interaktiv eller på annen måte inneholde elementer som beriker teksten, forutsatt at slike elementer ikke blir det dominerende innholdet.»

«Det egenartede ved litteraturen som produkt gjelder uavhengig av format», står det å lese. Så vi spør: Kva er skilnaden på nettside og bok – gitt at alt dette er likt: Forfattarar skriv. Redaktørar redigerer. Utgivarar publiserer. Lesarar les?

SNL er boka som er blitt ei nettside. Heldigvis hadde Wikipedia gjort det heilt klart at «digitalisering» av leksikon var lik html-format, altså: fulltekst søkbar på internett. Ingen fann på å gjere Store norske til ein serie e-bøker i sal. Eller til ein giga-app (leksikonet ville overtatt mobilen din, det er alt for tungt!). Formatvalet vårt er ein supersuksess etter alle kulturpolitiske målestokkar. No gler vi oss berre til ein teknologinøytral språk- og litteraturpolikk.