Skandale – norsk leksikon ikkje oppdatert?

Jan Omdahl er litt skuffa over Store norske leksikon, og skriv om det i Dagbladet. Det gir meg ein sjanse til å fortelje kvifor det er viktigare for Store norske å ha oppdaterte og gode artiklar om IS og jihadisme enn å skrive løpande oppdaterte artiklar om utviklinga i nyheitssaker. Ein fredags kveld rammar terroren Paris, og […]

 

Politisk dagbok: Ja til kulturell privatkapital!

No er Agnethe Haaland engsteleg på Dagsrevyen. Kultur-Noreg er raud-grønt og fryktar at kulturell privatkapital vil overta styringa. Eg får lyst til å vifte med ein blå kulturklut: Kva kan privatkapital gjere godt? Kva bør felleskapitalen gjere betre enn i dag? Ofte peikar ein på Fritt Ord som «døme» på kulturell privatkapital. Problemet er: Dei er […]



Nettkulturløftet

Hadia Tajik har invitert alle til å påvirke kulturløftet 3. Eg meiner premisset hennar er utruleg godt: Ho vil skape større deltaking, breiare ytringsmangfald og ho vil opne opp for dei digitale høva til utvikling. Derfor har vi laga vårt eige forslag til nettkulturløfte. Vi skal sende det til Hadia, og i dagane som kjem vil vi dele […]



Politisk dagbok: Ja, vi vil vere venar!

På wikipediatorget blir det diskutert om dei vil samarbeide med / møte / liker Store norske leksikon. Vi i SNL vil gjerne både dele, diskutere og snakke med dei aktive på Wikipedia. Så eg prøvde blande meg inn, men stranda i eit skikkeleg magaplask fordi eg ikkje klarte å leggje svara inn på riktig måte […]



Politisk dagbok: Ja til digitalisering av litteraturpolitikken

Det er litt kjedeleg å lese framlegget til ny boklov. Det blir som no, berre i form av lov framfor førtiårig «unnatak». Meir spennande er pressemeldinga. Ho handlar nemleg om «digitalisering» og «innovasjon». Når ein vanlegvis snakkar om «digitalisering» av bøker er det e-boka ein siktar til. Ein klagar over Bokskya – eller ser at […]



Politisk dagbok, kapittel 3

For leksikonfolk er det historisk sus over kulturbudsjettet som blei handsama av Stortinget i går. Suset er ikkje enkelt å høyre, men om du spolar deg 11.44 sekund inn i filmen på denne sida, kan du sjå at Stortinget vedtar budsjettet. (At sak 3 denne dagen faktisk var kulturbudsjettet, kan du finne ut i dette […]