Eksamenstid i leksikonet

Eksamen i norsk hovudmål var 31. mai, og statistikken til Store norske leksikon eksploderte. Her er ein liten titt på kva som vart mest søkt etter og lese.

Før eksamen i år laga vi ein spesialversjon av leksikonet for bruk under eksamen. I denne versjonen var det umogleg å sende meldingar til andre brukarar. Det gjorde at skulane kunne opne for bruk av Store norske leksikon under eksamen, sidan det vart sperra for eventuell kommunikasjon mellom elevane gjennom meldingssystemet i leksikonet.

I går la vi ut ein video som illustrerte servartrafikken i leksikonet medan hovudmålseksamen pågjekk. 20 000 spørjingar i minuttet og over ein million i timen er høge tal! Og dessutan er det pent å sjå på:

Krig og forfattarar

Det er to tema som peikar seg ut veldig i statistikken over dei mest leste artiklane i går: Krig og forfattarar.

  1. Andre verdenskrig
  2. Norge under andre verdenskrig
  3. Jan-Magnus Bruheim
  4. etos
  5. Arne Garborg
  6. Norges litteraturhistorie
  7. novelle
  8. Karin Fossum
  9. Gengangere
  10. språk i Norge
  11. Winston Churchill
  12. Henrik Ibsen
  13. patos
  14. Andre verdenskrig – viktige hendelser
  15. frigjøringen
  16. 8. mai
  17. realisme – litteratur
  18. retorikk
  19. Bokhandlerprisen
  20. logos – retorikk
  21. Churchill
  22. synsvinkel
  23. sakprosa
  24. appell – å appellere
  25. realisme – litteratur
  26. naturalisme – litteratur
  27. Den kalde krigen
  28. kjærlighet
  29. logos
  30. Norge i etterkrigstiden
  31. metafor
  32. Fagerborg
  33. kjærlighet
  34. appell – å appellere
  35. in medias res
  36. tematikk
  37. naturalisme./litteratur
  38. Cappelenprisen
  39. eple – symbolikk
  40. resonnere
  41. naturalisme – litteratur
  42. Lier
  43. Høgskulen i Sogn og Fjordane
  44. norsk språkhistorie
  45. logos – retorikk
  46. hinduisme
  47. Adolf Hitler
  48. Norge
  49. litteratur
  50. rim

Men nokre tema kunne vi ikkje hjelpe med  :-(

Dei som lagar eksamensoppgåvene legg vekt på også å ha med tema som elevane ikkje kan slå opp direkte i oppslagsverk for å få hjelp til. Det er lett å sjå for seg desperasjonen til nokre av elevane om ein studerer søkjeloggen til Store norske leksikon i går.

Søkjeloggen inneheld berre søk som ikkje blir fanga opp av autocompleten vår. Når ein startar å skrive føreslår vi artiklar som kan passe, lista nedanfor viser ting som ikkje vart fanga opp av dette.

Kort oppsummert lurte elevane veldig på kven Jakob Arvola er, kva i all verda ei appellform er, og så kom det ein og annan slengar som jakta på info om vedhogging.

  • jakob arvola
  • hvis det er sant
  • lars mytting
  • det går ikke over
  • jan magnus bruheim
  • appell
  • appellformer
  • appellform
  • burning love
  • gjengangere
  • virkemidler
  • kreativ tekst
  • mannfolk
  • 1945
  • hel ved
  • arvola
  • apellformer
  • helvetesilden
  • synsvinkel
  • autoral
  • jacob arvola
  • apellform

Her er eksamensoppgåvene

Landslaget for norskundervisning publiserte oppgåvene på Facebook-sidene sine i går, her er dei:

13342868_1309298419084281_678656878894380319_n

13327568_1309304812416975_1993890858061694506_n

13330955_1309304815750308_5117432300726806885_n