Leksikonet mitt og den kulturelle kapitalen

Nummer to ut blant leksikontekstene er Anne Marit Godal:

Vi hadde leksikon i stova. Eg kan ikkje hugse kor mange av venane mine på Romsås som hadde det, men hugsar at dei aller fleste ikkje hadde meir enn eit par hyllemetre med bøker. Trass i at den økonomiske politikken og utdanningspolitikken gjer det mogleg for alle å reise mellom klassene, syner det seg at den kulturelle kapitalen du har vaksi opp med i forbausande stor grad styrer kven du «blir». Derfor sluttar eg at det er ein relativt låg andel av klassekameratane som i dag har lesi Bourdieu. Når sant skal seiast har eg ikkje lesi stort , eg heller. Men eg har han i bokhylla mi. Og då eg oppdaga omgrepet  ”kulturell kapital” sette det ord på noko som skilde meg frå dei andre på tunet: Familien min var – den gongen – ikkje rikare enn dei andre, men: vi diskuterte, drøfta og åt bøker til kvelds. Arbeidaranes leksikon var i bruk. Det har påverka meg.

Så når Kjell-Olav Hovde (kollegen min) og Helge Jordheim (som leiar dette fine forskingsprosjektet om leksikon) synst det er litt artig med artiklen om «flagg» i Arbeidaranes leksikon, må eg tenkje meg om for å forstå kva som er rart. I leksikonet står det nemleg at flagg  er «et stykke tøy som heises opp i stang eller på annen måte bringes til å vaie i vinden».  – Ja? tenkjer eg. – Det er då heilt leksikalt og logisk? Flagg er av og til på stang, men mest står dei i verandakasser eller dei er i handa i toget. Dei skal bli løfta med tøyet oppover («aldri subbe flagget i bakken – fy!»). Det er raudt 1. mai og raudt, kvitt og blått 17. mai. Og den sterkaste flaggreferansen eg har, er frå ein av godnattsongane mine:

«Når jeg ser et rødt flag smælde
på en blank og vårfrisk dag,
kan jeg høre det sælsomt fortælle
om min verden, mit folk og min sag.
Og jeg rejser mig trodsigt i vrimlen,
mens det bogler af kraft i mit mod,
thi det flag, der er smældende på himlen,
er jo rødt som mit brusende blod»

Kan du ikkje den songen? Sjekk her: Partileiar Rasmussen syng – i Euro-nederlagets time.

(Avsporing: Merk dei 53 prosenta nei. Sjølv delte eg under denne folkerøystinga ut nei-flygeblad i blokkene i Århus. Ah, så fint med nei til Euro + Rødt flag smelde at eg får gåsehud. Der har du meg.)

Jepp – eg er hardt påverka av barndomens leksikon. Vel er mesteparten av samanhengen spuriøs. Valet av nett dette leksikonet er jo ein effekt av verdiane i slekta. Men, som ryggen på Arbeidernes leksikon levande illustrerer, har eg ein innebygd trong til å vere med på ein stille revolusjon, ei sosialistisk samfunnsendring der alle får lik tilgang til kulturell kapital. Slik ein har kjempa for eit politisk og økonomisk demokrati, vil eg jobbe for eit kulturelt demokrati.

Kanskje vil det fantastiske Internettet fikse dette av seg sjølv – no kan jo alle i teorien snart finne all kulturell kapital. Men eit privat studium av folka omkring meg, tyder på at så ikkje skjer. Dei kulturelle klasseskilja lev vidare – også i det du finn fram til på nett. (Hallo sosiologar: Finst det meir reliabel forsking på dette?) Eg vil i alle fall at Store norske leksikon skal vere med på å sortere kunnskap og påverke samfunnslivet på nettet slik at flest mogleg finn fram til den kunnskapen som gir makt.

Eitt innspel til «Leksikonet mitt og den kulturelle kapitalen»

  1. Det er morosamt å lesa om oppveksten på Romsås, Anne Marit. Det er alltid morosamt å lesa om oppvekst, når den har vorte noko fjernt.

    Eg slengde inn ein kommentar under ein artikkel om krystallapparat. Då fekk eg kontakt med to artikkelforfattarar som hadde liknande oppleving som mi. Det fanga interessa for SNL, og no er eg oppteken av kva SNL kan bli.

    Meininga mi er enkel. På nettet kan alle skrive, og mange gjer det – om det meste. Dette er eit brigde som redaksjonen må tenkje nøye over. Eit leksikon kan ikkje i dag berre vera faktabasert. Det må òg gi rom for opplevingar slik som du skriv om di oppleving av å ha eit leksikon i stua kan andre fortelja om korleis det er å lesevanskar.

    Nå kjenner eg til to tekstar av to som bygde krystallapparat. Eg trur du har lese den eine teksten. Men kor skal desse tekstane stå? I leksikonet, som lenkar til personlege bloggar, som lenke til ein ny artikkelsamling: opplevingar frå folkedjupet. Kjem det til å øydelegge leksikonet sitt kvalitetspreg ved å dra inn levd liv til vanlege folk?

Stengt for kommentarar.